Magnus apostrof

150 kr

251 s Innbundet med smussomslag
NY

1 på lager

Produktnummer: TAL 110125-6 Kategori:
  • Jon O. Lorentzen
  • Wigestrand
  • 2017

Beskrivelse

Magnus. apostrof har to forteljingar, som heng saman. Den eine går føre seg på 1100-talet, på den tida då Noreg vart forma som nasjon, og krinsar omkring St. Magnus Erlendsson. I den andre er handlinga lagd til ei ikkje nærare tidfest framtid, der menneske, land og byar er utsletta i ein stor katastrofe. Begge forteljingane finn stad i det som var kjerneområda til dei norske vikingane i Skottland og på Vesterhavsøyane.

Når Jon O. Lorentzen leverer eit romanmanus, er det all mogleg grunn til å retta seg opp i stolen, skjerpa sansane og skjerma hjernen for distraksjonar. Handlingsforløpet er kronologisk og greitt å følgja, men det skjer også mykje meir på alle moglege andre plan.
—————
Jon O. Lorentzen (f. 1950) er filolog, bur i Egersund og har undervist i språk i heile sitt vaksne liv.
Lorentzen har mastergrad i spansk litteratur frå.University of California. Han debuterte i 2004 med.romanen.Den symmetriske tvillingen, og i 2011 gav han ut romanen.Café Gibraltar. Han har også gjeve ut ei bok med gjendiktingar av lyrikk av den kubanske diktaren.José Martí..Jon O. Lorentzen har omsett til norsk Courrier sud – norsk tittel Postflyet – av den franske forfattaren og flygaren Antoine de Saint-Exupéry. Boka kjem i 2017.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0,500 kg