Spegelbrot inneheld aforismar og tankevekkjande sluttdikt frå eit skrivande liv. Til saman uttrykkjer dei mange småbitane ein humanisme der mennesket blir definert som individ og som ledd i ein større medmenneskeleg og historisk fellesskap. Samlinga gir eit veldig inntrykk av kvalitet – i tanke og i form. Dikt og aforismar bølgjer i ein slags rytme mot kvarandre, av og til utvikla av dei førre, andre gonger i kontrast. Alt er spegelbrot av eit livssyn, del av ein heilskap.
| Vekt | 0,300 kg |
|---|