Olav Kristiseter debuterer med ei historie så full av vondskap og brutalitet at det saknar sidestykke. Magnar er ein ung gut, den siste i arverekkja til garden han bur på. Han har to brør og ein far som sit lamma i rullestol. Faren – pater familias Manasses – tyranniserer gutane og kontrollerer dei med vald og truslar. Den rivaliserande kampen mellom brørne toppar seg når dei må ut og forsvare garden mot presset frå storbonden oppe i lia. Blodlenka er eit familiedrama og ei forteljing om ein ung guts oppvekst og kamp, og spinn undervegs ut i apokalyptiske dimensjonar.
| Vekt | 0,400 kg |
|---|