Utgangspunktet for denne diktsamlinga er verket til den franske 1600-tallsmålaren Georges de La Tour, slik vi kjenner det til dags dato. Først etter den andre verdskrigen har kunsthistorikarar og publikum forstått styrken og originaliteten i La Tours målarstykke, etter at han vart bortgløymd i nesten 300 år. Paal-Helge Haugens dikt er variasjonar over eit felles tematisk grunnlag. Fortid, nåtid og framtid blir knytta saman i eit språk som er meir musikalsk, men og meir nake enn i nokon andre av Haugens bøker.
| Vekt | 0,300 kg |
|---|