Trætte Mænd er ein roman av Arne Garborg, som vart utgjeven for fyrste gong i 1891, og som skil seg ut i forfattarskapen ved å vere den einaste romanen av Garborg som er skrive på dansk-norsk. Romanen merker seg dessutan ut i norsk litteratursoge ved i særs stor grad å referere seg til form og idear som dei franske dekadanseforfattarane stod for på slutten av 1800-talet, med Joris-Karl Huysmans i brodden.
Innhaldet gjorde boka til ein av dei heftigast diskuterte europeiske romanane i 1890-åra. Han fokuserte nemleg på tilhøvet mellom kvinner og menn, med emne som kjærleik, kjønnsroller og kristendom.
| Vekt | 0,400 kg |
|---|